Hoppbakker i Etnedal

(Første gang publisert i EG 2007)

I årets historiske hjørne tar Kåre Nyhagen oss med på en runde til gamle hoppbakker i dalen.

Tonsåsbakken
Ein viktig skibakke for det meste av Valdres var Tonsåsbakken, skreiv Trygve Bjørgo i
«Valdresidrett» (band 1 s. 27). Den låg like ved Sanatoriet på Tonsåsen. Ovarennet tok til på
jernbanetunnelen, og hopparane laut aka over riksvegen for å få stansa. Mange renn, i lang tid, vart skipa til i denne bakken. Han var noko flat, og hoppet høgt, så det var ikkje alle som greidde det harde nedslaget.
Ola Hagen frå Etnedal var kjent for å greie den vansken. Ved nyttår 1906-07 hoppa Østen Midthus 28,5 meter, og del var eit særs langt hopp den gongen, også i landssamanheng. Seinare skal det ha vore målt lengder opp til 36 m der.

I imellomkrigsåra vart det ei tid brukt ein bakke ved Nøkletjednet på Tonsåsen. Del var tverr overgang mellom bakken og tjernet, og mange hadde store vansker med å stå. Men Nusse Braskerud frå Nordre Land stod sikkert i eit renn ho var med. Ho opna begge omgangane i rennet, der Arne Johansen frå Fagernes hoppa lengst med 49 m. Harry Bakken frå Etnedal hoppa 47 meter her, og skal ha vore litt av ein akrobat i bakken, etter det Bjørgo skriv.
Harald Hvatturn skriv i «Gard og bygd i Etnedal», band B side 353 at bakkerekorden i Nykkjeltjednbakken var på 54 meter, men det står ikkje kven som hadde rekorden. Bakken vart nedlagt av fleire grunnar, mellom anna fordi han var utsett for vind og på grunn av ustabile isforhold der sletta var.

Urbergsbakken
Urbergsbakken har lenge vore den største hoppbakken i Valdres. Her har det iallfall vore hoppa på ski sidan i 1920-åra, og det var Bruflat skilag som bygde bakken. Skikongen frå Holmenkollen og Hovudlandsrennet , Ole Kolterud frå Nordre Land, sette bakkerekord i Urbergsbakken i sitt beste år, 1927. Då vart han målt til 48 m. Bror hans, Sverre Kolterud, hoppa 50 m med fall. Seinare tøygde Sigurd Bakken seg ned til 56 m. Truleg vart det ikkje målt større lengder her før etter utbygginga tidleg på 1980-talet. Tom Erik Bjerkeengen frå Toten hoppa 58,5 m der i 1983.
Etnedal skilag sikra grunn til skibakke påjordet i Urberg ved ekspropriasjon i 1956. «Kr. 500,- i engangsavgift betalt 20/10-56, årlig avgift for 1956 betalt med kr. 100,- 5/11-56», heiter det i protokollen. Overrettssakfører Tank fekk utbetalt kr. 505,20 for sitt arbeid med ekspropriasjonen, medan heradsadvokat Bergh fekk 105 kroner. Våren 1957 vart det halde dugnad på rydding av skog i Urbergsbakken. Frammøtet var stort; «18 mann og 3 motorsager gjorde at det nå ikke er så mye hogst igjen».
Men det var fleire skjær i sjøen for bakken. Etnedal skilag hadde teke på seg å arrangere KM i 1958, men dette laut dem seia ifrå seg att. Laget fekk ikkje tippemidlar slik dei hadde rekna med. Det var mykje korrespondanse om tippemiddel-saka sommaren 1957, men det vart altså inga utbygging den sommaren. Etnedal skilag meinte å ha alle sine papir i orden, og hadde fylkesinstruklør Alv Kveberg med seg i dette synet. Men Norges Skiforbund orsaka seg med at utbygginga av bakken ikkje var meldt på rett måte. På styremøtet hjå Eivin Juven 16. januar 1958 vart det referert eit brev som laget hadde sendt til Statens Ungdoms- og Idrettskontor 9. januar. Her ga formann Juven uttrykk for at han var særs vonbroten over at søknaden om tippemiddel var forbigått «Planen med Urbergsbakken kan ikke godkjennes, hevder de høye herrer i Oslo. Som kjent er det Norges Skiforbunds bakkekonsulent Agnar Renolen som har arbeidet ut planen. Hvem skal da kunne arbeide ut plan som kan bli godkjent?» spurde formannen i slutten av brevet sitt, i følgje referat i lagsprotokollen.

Saka om Urbergsbakken står i stampe, heiter det i referatet frå årsmøtet 1958. Årsaken var at Norges Skiforbund (NSF) ikkje ville godkjenne planen før skuleskibakkane i bygda var ferdige. Utan godkjenning kunne det heller ikkje bli tale om tippemidlar.
Arbeidet stod etter dette stille i mange år. Lagsprotokollen fortel ikkje noko nytt om Urbergsbakken før sommaren 1969:
«Urbergsbakken har vært under arbeid i sommer. Selve bakkene står nå nesten ferdige, men det står mye igjen, t. d. dommertribune, løpertrapp og flomlys.
Vi har nå søkt om tippermidler til dette. Kostnadsoverslaget for de to bakkene kom på ca. 34.000 kr. Vi har søkt om kr. 11.000 som vi håper vi får.
Bulldoserarbeidet vart utført av Birger Hagen fra Skrautvold. Han kjørde i 37,5 t. (à kr. 90,00) og grovplanerte begge bakkene uten vinsj  et meget respektabelt arbeid, og som vi er meget godt fornøyd med. Bakkekonsulent Renolen var med under arbeidet. Vi har hatt tre dugnader til finpuss av bakkene, men det viser at det er bare de gamle travere som møter opp, men de har til gjengjeld gjort en finfin jobb».
Storbakken skulle få eit kritisk punkt mellom 54 og 57 meter, medan den vesle skulle få K-punktet ein stad mellom 35 og 40 meter.

Då hoppanlegget i Urbergsbakken endeleg vart ferdig, i 1986, var det muleg å hoppe i fem ulike bakkar der. Den største var ein 70-metersbakke, dernest kom ein på 50m, ein på 35, ein på 20 m og den minste på 15 m. Anlegget fekk flomlys i 1982, og bakkerekorden vart i jubileumsåret 1998 lengta frå 72,5 m til 76 m. Mannen som greidde det, heiter Ole Christian Enger og kjem frå Konnerud il. Dette er det lengste skihoppet som er målt i Valdres.

hoppbakke1

Tonsåsbakken fra rundt 1933 (over) og i dag  (under)

hp photosmart 720

Andre bakkar
I Sør-Etnedal vart det brukt to skibakkar som låg i Nordre Land: Øymobakken og Furukollen. I sistnemnde, som låg ved Øybakken, vart det iallfall vart hoppa 36 in av Asbjørn Rusten. I eit referat frå 1. januar 1951 står det at Per Dahlby frå S. Land hoppa 45 m to gonger i Furukollen.
Trondhjemsbakken ved Madslangrud gjekk over bilvegen. Men det var i den tid biltrafikken var så liten at det ikkje var fare for kollisjonar.

Ved Lundstein skule var det ein øvingsbakke der det vart halde skulerenn i 1950 og 60-åra. Her vart det hoppa knapt 20 m. Det var også hoppbakke i Lundsteinjordet den var i bruk frå sist på 1800- talet.
I Liabakken, ovafor Etnedal sag og høvleri, hoppa Anders Midthus 25 m. I Lien, rett opp for Dølstugu og Prestøyen, budde Østen Midthus ei tid. Der hadde han ein liten treningsbakke, som rimeleg kan vera  han som vann kongepokalen i 1907! Bakken låg ved Hasselsletta. Ola Kompelien fortalte at Midthus ofte tok eit par ak med det same han kom heimat frå arbeidet i tømmerskogen, gjerne i måneskinnet.
Både i Hovde og ved Skartjednet var det skibakkar på om lag 25 m. I øvre Haug var del også ein bakke på same storleik. Ved Bergselva var det ein bakke som heitte Engenebakken.
I Fjellsbygda hadde dei Breiesbakken, der det i alle fall vart hoppa 38 in. Roald Fjeid vann damenes pokal i eit renn i denne bakken 17. februar 1946, står det i «Valdresidrett».

I Bruflat krins brukte dei ein bakke som heitte Storåkerbakken. I Fyrrejordet på Bruflat var det hopprenn i 1929. Granerbakken kom i etterkrigsåra, og var i bruk på 1950 og 60-talet (ca. 25 m).
Litt nord for Bruflat låg Nysvebakken, 25 m. Mange Nysveekarar var spreke, både i skibakken og ellers, og dei trena her. I Øygardsjordet låg Feiarkollen, og det var også bakke i Robølsjordet. I Byfuglien hadde dei bakke i Midtjordet, bruket etter Gunnar Stubbene, og Bekkjeløobakken. Erik Grønbrekk vart klubbmeister med eit hopp på 43 m i Byfuglibygda 14. mars 1966.

I Espelibygda vart det halde hopprenn i Haugabakken mellom anna i 1948, der Gunnar Åmodt vann. I Nerre Espelien kunne dei hoppe 42 m i Smiubakken. I Espelijordet vart det hoppa 24,5 m i eit renn i 1928. Sørengbakken låg ôg i Espeibygda, og det har vore hoppbakke også i øvre Espelien.
Fleire bakkar vart brukte i Bøvarstogokrinsen: Melumsbakken (25 m), Lykkjebakken eller Lykkjejordet og Kompelibakken. Svein Johansen frå Fagernes hoppa 29 m i Lykkjejordet i 1947, men Olav Wold frå Etnedal hoppa 37,5 m der med fall. Kompelibakken vart bygd ved Etnedal sentralskule i 1963. 15 år gamle Birger Skogstad hoppa lengst, 25 m, i innviingsrennet.
I Flatøygardskrinsen hadde dei Slettebakken, der Even Bakken hoppa nærmare 30 m.
Solbjørbakken ga høve til endå lengre hopp; både Harry Bakken og Olaf Nvsveen hoppa 38 m der i eit renn i 1938.

I Espesetjordet hadde dei to bakkar, ein på 25 m og ein på nærmare 40. I Solbrekkjordet vart det ôg hoppa om lag 25 m.

I Smiugardsbygda opna Engebret Bakken eit renn i Brendahaug-bakken med eit hopp på 38 m.
Anders Nysveen har fortalt om ein bakke i Bakkebygda dei kalla Slettebakken. Her hoppa broren Hans Nysveen 42 m. Det vart ôg halde renn i ein bakke på GamIestølen og ein på Kjerringstølen, sistnemnde ligg i Svilosen. Der hadde dei og Bergstølbakken. I Rust var det renn med hopp på 25 m i 1932. Eivin Juven hoppa 30 in i Svilosbakken, medan Anders Nysveen hoppa 32 m ein stad i Graneisbygda.
Også i Steinsetbygda var det fleire skibakkar. Steinsetbakken var stutt og flat, men Ola Grønbekk hadde ståande hopp der på 3l m, og 37,5 med fall. I eit anna renn hoppa Knut Månum 33 m og stod. Haugabakken hadde flate på Steinsetfjorden, og der vart det hoppa nærmare 40 m. Truleg er det same bakken som også har vorte kalla Veahaugbakkin. Dalbubakken (30 m) vart berre brukt eit par år, har Knut Månum fortalt. Løvåsjordet eller Løvåsbakkenligg like ved butikken til Bachér.

På Skrinsrudjordetjordet vart det hoppa rundt 20 m i Trolldalsbakken. 1946 vart det referert til eit renn i 1 Mørkabakken. Truleg er dette same bakken som også har vorte kalla Markabakkin, som og låg i Steinsetbygda. Solheimbakken låg også der.
11968 vart det drøfta om Etnedal skilag skulle bygge ut Liakollen i Steinsetbygda, med kritisk punkt På 45 meter.

Felles for desse gamle bakkane er at det vart gjort lite og inga inngrep der på somarstid. Dei la hoppbakken der han høvde best i terrenget, og var det nødvendig med visse justeringar og tilpasningar, gjorde dei det med snø. Hoppet vart som regel også bygt opp av snø, og del fleste hakkane hadde også naturleg tilløp og ikkje stillas. Slik sett var det lite og ingenting som skulle til av investeringar. Desto viktigare var pågangsmotet til dei som ville hoppe. Støtt var det slik at den som ville hoppe på ski, laut gjera prepareringsarbeidet sjølv.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*