Krigsminnesmerke i Etnedal

Eit historisk blad er for alltid skreve i Etnedals-soga. Minnet vil leva blant oss om den tapre guten som frivillig ofra livet sitt i kampen for rettferd og fred, for folk og fedreland. Meir kan ingen gje enn han gjorde.
Difor reiser etnedølene eit minnesmerke over Nils L. Bergs-bakken i 1982 – i djup vornad og takk for det heltemotet han viste, og for hans levande eksempel på norsk ånd og vilje.

Nils L. Bergsbakken var fødd i Steinsetbygda i Nord-Etnedal 23. desember 1906, og foreldra var Marit, fødd Dokken, og Lars Bergsbakken. Saman med sju sysken vaks han opp i den fagre bygda, og han vart døypt og konfirmert i Nord-Etnedal kyrkje.

Han modnast til ein karakterfast mann, med eit vart medmenneskeleg sinn. Hjelpsam og snill var han mot alle han møtte på si ferd.

krig1   20 år gamal dro han over «Blåmyra» til dei to brørne sine, Ola og Bjørn. Dei var reiste nokre år for, og hadde busett seg som farmarar i Canada. Der borte tok alle brørne namnet Larson etter faren Lars. Bergsbakken. Fordi Bergsbakken fall vanskeleg å bruke i språket.

I Bergsbakko var det ein vond dag då Nils tok ut på den lange reisa.
Faren kjørde han med hest til Fagernes, og stunda var tung både for far og son då toget sakte rulla ut frå stasjonen. Likevel visste dei ikkje då at dei aldri meir skulle treffast.

Men for den unge guten hadde draumen om Amerika vorte røyndom. Tida kom til å gå med i arbeid i dei store kanadiske skogane. Men Nils var heimekjær, og gløymde aldri heimbygda i Valdres, og det dyre fedrelandet langt mot nord. Lengten brann ved tanken på dei heime, på fjorden, fjella og skogen, og på den vesle kvitmåla kyrkja attmed vegen.

krig2Og så kom krigen. Norge vart okkupert. Nils vart uroleg, men vegen heim var stengd. Han var rask med å melde seg til krigstenest, og etter å ha skaffa seg spesialutdanning vart han send til England.

Seinare var han med ved invasjonen i Normandie, og i eit av del hardaste og blodigaste slaga der fall han 12. august 1944, 38 år gamal.

Då krigen var slutt i 1945 og bodet om at Nils var fallen nådde familien, kom det og ei sending med fire heidersmedaljer som var tildelt Nils, som siste ære og takk til den tapre, norske soldaten. Medaljene var av både britisk, kanadisk og fransk opphav.

JOHAN A. BERGE

Soldat Johan A. Berge frå Oppstryn fall i kampane mot invasjonstyrkar i Valdres 24. april 1940. Han vart gravlagd Bruflat kyrkje.
Forfattaren Knut Hauge skreiv kort etter diktet:  Han fall ved Høljarast bru. 11941 reiste bygdefolket ein minnestein på grava hans, og dei har seinare sett opp andre minnesmerke over dei 4 soldatane som fall i Etnedalen.
krig4
Om Johan A. Berge i bokverket Våre Falne

BERGE, JOHAN ANDREASSEN, Stryn. Fodd 8. desember 1918 i Stryn, s. til Andreas J. Berge, f. 1885, og Synneve f. Kirkeide, f. 1887, båe i Stryn. Han hadde gått framhaldsskule, og var gardsarbeidar. Var med i striden 1940 ved Holjerast bru som ordonans for kompanistaben. Vart råka av ein granat og dØydde med ein gong 23.(sic) april 1940. Gravlagd ved Bruflat kyrkje i Etnedal.

Kampane ved Høljerast bru

9. april 1940 gjekk Tyskland til åtak mot Noreg. To veker seinare nådde tyskarane Etnedal. Om kvelden 23. april kom dei fyrste styrkane fram til Holjerast bru. Her hadde norske harstyrkar frå Fjordane Regiment (IR 10) budd seg til kamp. Brua var klar til å sprengjast og forsvarsstillingar plasserte i området rundt. Da nordmennene opna eld, trekte tyskarane seg tilbake. Brua vart sprengd klokka 22.00.
Straks det lysna om morgonen 24. april, sette tyskarane inn med nye åtak, og etter kvart vart overmakta for stor for nordmennene. Dei trekte seg tilbake og gjekk i nye stillingar i området ved Tonsåsen. Her kom det til harde kampar dagen etter.

Minnestein der kvar soldat fall
Fem norske soldatar fall i kampane i Etnedal 24. og 25. april 1940: Johan A. Berge, Magnus Haugom, Harald Georg Halvorsen,
Gunnar Hanssen og Sverre Kristoffer Lauritzen, alle i kampane langs riksveg 35. 11992 markerte Etnedalen Historielag stadene dei fall med trekross, og i 1997 vart desse bytte ut med minnesmerke av meir varig vyrke. På kvar stad står det no ein steinsokkel med stoypt metallplate som har fylgjande innskrift: HER FALT (dato) 1940 * (namn) * FRA (stadnamn).
Minnebautaen på Tonsåsen
Det var også Etnedalen Historielag som i 1991 tok opp arbeidet med å få reist ein felles minnebauta over dei fire nordmennene som miste livet i Etnedal. Alt året etter, den 30. august 1992 vart minnesteinen avduka ved Tonsåsen Sanatorium i narleiken av ein sving der det stod svart harde kampar 25. april 440. Over 200 var til stades på avdukingshogtida.

krig3

På minnesteinen står: TIL MINNE * OM DEI FEM NORSKE SOLDATER * SOM FALL I ETNEDAL KOMMUNE * VED HØLJERAST OG TONSÅSEN * DEN 24. OG 25. APRIL 1940 (deretter namna på dei falne, og vidare:) MITT LAND * EG GJEV MEG HUGHEILT MOT * ALT SOM HEITER MITT.

Minnetavle ved Høljerast
Ole Andreas Hopland, f. 1918, frå Stryn var med i kampane ved Holjerast. Han, saman med Etnedal Historielag, tok initiativ til å få sett opp ei orienterande minnetavle ved Holjerast bru. Tavla vart avduka sondag 19. august 2000 med kring 30 menneske til stades. Her kan folk no studera eit oversiktleg kart med innteikna stillingar o.a. og på denne måten danna seg eit bilete av krigsskodeplassen i aprildagane 1940. Nedst på tavla er bilete av fleire av dei som var med.
Ole Andreas Hopland var og til stades og fortalde om hendingane i 1940. «Me hadde fire stillingar i bakken rett oppom brua på vestsida av elva, og då lyskarane kom, hadde me ein lett jobb med å plukka dei ned.» —- «Eg har i alle år hatt mardraumar om det som hende, jamvel no. Eg kan framleis hoyra skrika og jamringane til dei tyske soldatane, og eg ser for meg tyskarane oppe på bergskrenten på austsida som vart trufne og berre rausa ned i vegbana.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*