Etnedalsdagane – ein årviss tradisjon

(Første gang publisert i EG 1997)

Etnedalsdagane er det store trekkplasteret i Etnedal siste helga i juli.
For bygdefolk, hyttebrukarar, utflytte etnedøler og tilreisande med sans for ein treffdag større enn 17-mai, er Etnedal samfunnshus staden. I år er det 26. og 27.juli som må avmerkast på kalenderen. Etnedal Røde Kors er arrangør i år
.
Initiativtakarane til Etnedalsdagane var nokre akive damer i bygda som kallar seg Etnedalsheimens Vener. Framleis har dei ei hand med i opplegget og dei har iagt premissane for mykje av opplegget. Sirkus og tivoli skal det ikkje vera, ut over det publikum lagar sjølve- For nå ei stor styrkeprøve som til dømes kjæringbering går for seg då er det stemning rundt løypa.

Hesteskokasting er ei djupt alvorleg konkurranse som samlar mange tilskodarar i innspurten Elles er det pilkast og andre konkurransar tor store og små. Samfunnssalen og vestibylen utanfor er pakkful av utstillingar. Her er det ikkje plast og anna juggel, men handverkarar med tilknyting til Etnedal som får stille ut for syn og / eller sal Det meste er flotte gåver eller pynteting. Foto, må Sølvarbeid med mykje meir. Kvar utstillar må «betala» med å gie ein gevinst til lotteriet som alt har 50 bøker i omløp. Hovudgevinsten har ein verdi på ca. 17.000 kroner. De ter Etnedal Bliruter og Anders Lunde som har gjeve ein tur til Skottland for to personar. Underhaldinga skjer frå utescenen med publikum i eit alltid strålande fint sommarver. I År skal mellom andre Iselin Alme opptre sundag, elles er det overraskingar i vente attåt mange lokale krefter innan song og musikk. Når programmet går over to heile dagar, må det noko godt til magen.

Ein gigantgrill sørgjer for at godlukta spreier seg og rømmegraut, kaffi og kaker attåt kioskvarer brukar å gå ned i store mengder. Eit bevisst val er å halde prisane på eit rimeleg nivå

aeresaris1997

Både inger Helene Nybråten og lngeborg Engen har fått Bustnskjolds Ærespris I 1995 kunne Inger Helen gje prisen til Ingeborg

Laurdagskvelden blir det i år avslutning med dans. Sundag er eitt høgdepunkt utdelinga av Bustenskjolds Ærespris Absolutt hemmeleg til siste stund er det kven som får den ærefulle prisen. Inger Helene Nybråten var den fyrste heldige mottakaren Sidan Røde Kors er arrangør, vil hjelpekorpsanda vera til stades gjennom heile helga. Etnedal Rode Kors er 50 år på nyåret, og vil starte feiringa på Etnedalsdagane med ei utstilling av matriale gjennom desse åra

Når programmet or klart fyrst i juni vil det bli lagt ut på Internett for alle interesserte som kan tenkje seg å kose seg på Etnedalsdagane anno 1997.

Tekst og foto: Ingun Kompen

2 Replies to “Etnedalsdagane – ein årviss tradisjon”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*