Laftehus på moten

(Første gang publisert i EG 1997)

Laftehus er populært i Etnedal for tida. På Brumoen har  Erling Kluftødegård og Jarle Byfuglien i vinter sett opp eit bygg som ikkje seier stort om laftearbeidet dei har starta med i vår. Bygget er på 300 kvadratmeter og det er i minste laget for huset til Turid og Harald Espelien som byrjar å å form. Det skal opp i Espelibygda og Brumoen er kommunal grunn på austsida av elva nær Hestekind –  butikken Desse to karane har til saman nær 30 års erfaring med snikkararbeid. Og driv no som sjølvstendige næringsdrivande. Dei har rikeleg med oppdrag i overskueleg tid framover Både innanbygdsbuande og utflytta etnedøler ser ut til å na fått augo opp for denne byggemetoden

Fleire bustadhus
Det er alt sett opp fleire laftehus i Etnedal i nyare tid Eitt av dei er huset til Marion og Jul Lundstein på Kringlemoen. Folk sorn fer forbi på andre sida av elva har lagt merke til det særprega huset, og ikkje reint få har stoppa. snudd og reist bortom for å sjå og høyre korleis huset fungerar

Varmt og sunt
Vi stortrivest her, seier Marion og fortel at dei flytte inn i august i fjor. Vi er båe glade i trematerialar. Og vi har ikkje angra ein dag på valet vårt Vi starta med  sjå på ferdighus, men det vart altså tømre Vi bur i eit sunt hus med naturlege materialar,  eit bevisst val. Vi er litt redd alt det kunstige som så ofte er brukt.
Men er det ikkje kaldt? Marion nektar bestemt for del. Attåt golvarme i enkelte rom er det berre ein peis som har vore i bruk i vinter, Ikkje ein panelomn har dei og kulden har ikkje  vore noko problem. Dagens tømra hus er nok betre isolert både i golv og tak enn tidlegare tiders grisne hus.
Sjølve har dei brukt ull som isolasjonsmateriale

Tømra seng
-Lafta hus blir då berre penare og penare med åra meiner, Marion som rosar Morton Bergeid for svært godt uført arbeid. No har han tømra seng til Hans. son til Marion og jul. Det er nok eit bevis på kor populært det er med lafting I Etnedal – så kva blir det neste?

lafting1997

Erling Kluftødegård til venstre og Jarle Byfuglien er travelt opptekne med å lafte hus for Harald Espelien, men litt tid til kos med vakthunden Bamse må det bli.

Tekst og foto: Ingun Kompen 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*