Kyrkjene i Etnedal

(Første gang publisert EG 2005)

NORD-ETNEDAL KYRKJE
Sist på 1500-talet var Etnedal under Nord-Aurdal prestegjeld. Dette omfatta Sør-Aurdal, Nord-Aurdal og Etnedal. Men folketalet auka, så det vart for stort distrikt for ein prest. Dermed vart Etnedal delt, slik at Nord-Etnedal vart ein del av Skrautvål sokn i Nord-Aurdal i 1805. I 1864 vart Nord-Etnedal eige sokn, men framleis i Nord-Aurdal prestegjeld.

I 1801 var det 199 personar i Nord-Etnedal som sokna til Skrautvål. Utover 1800-talet auka folketalet raskt, og i 1865 kom det opp i 539 personar. Lang kyrkjeveg, og at stadig fleire måtte bruke han, var årsak til at det vart starta eit arbeid i 1840-åra for å få eiga kyrkje i Nord-Etnedal.

Det nye soknet fekk tilbod om gratis tomt til kyrkje og gravplass frå Nerre Ton.
I 1844 vart ein søknad om eiga kyrkje sendt til Kyrkjedepartementet. Det vart avslag. Interessa for kyrkjebygg var stor, og ny søknad vart sendt i 1862. Heradstyret i Etnedal stod samrøystes bak denne søknaden, som også fekk støtte av prosten i Valdres og Stiftsdireksjonen i Christiania. Regjeringa hadde innstillinga til kongen ferdig 15. juni 1864. Dermed kunne byggearbeidet ta til.

Det var byggmeister Johs. Eriksen frå Fåberg som leia snikkararbeidet. Han hadde med seg fire andre handverkarar frå Fåberg, pluss nokre etnedøler. Den nye kyrkja var ferdig bygd og innvigd 19. september 1866. Då hadde nord-etnedølene greidd å skaffe seg kyrkjeklokke òg. Den vart kjøpt på Mesna Bruk på Lillehammer. Årstalet 1866 er støypt inn i klokka.

Kyrkjeklokka vart køyrd med hest og hjulslede til Flatigarden. Herifrå var det berre gangveg, og to karar måtte bera sjølve klokka mellom seg, hengande på ei stong. Ein tredje kar bar bellen. Vegleia gjekk om Rust og Hestekinn, over Etna ved Renna, over Solbrekka, Hiei og Ton.

Altertavla er truleg sett saman av delar frå fleire tidlegare tavler. I ramma rundt er det skore inn årstalet 1717, medan måleriet i midten har innskrifta J. M. 1855.
Tavla vart restaurert i 1963.

Fyrste orgelet i Nord-Etnedal kyrkje var på plass i 1919. Det hadde trø-belg, og var i bruk fram til 1979. Etter det vart det elektrisk orgel.

Kyrkja hadde berre vedfyring fram til 1977. Då kom det elektrisk fyring med omnar under benkane.
Kyrkja har vore gjennom to store restaureringar. Den fyrste frå 1960 til 1963, den siste i 1987.

hp photosmart 720
BRUFLAT KYRKJE

Sentralt på Bruflat ligg kyrkja, som har vore, og er ein viktig og kjær samlingsstad for etnedøler.
I uminnelege tider har kyrkja gjeve menneske høgtid og rammer rundt livet sitt, og ho står der enno like traust og ærverdig og innbyr folket til gudstenester. Om det er til stillheit og helgefred, vigsel eller sørgehøgtid.
Bruflat kyrkje gjennom tidene er tittelen på boka som Harald Hvattum skreiv til Bruflat kyrkje sitt 250 års jubileum i år 2000.
I fylgje kallsboka til sokneprest Peder J. Landt i Aurdal prestegjeld vart det innvigd ny kyrkje på Bruflat 24. juli 1750. Ein tradisjon fortel at kyrkja i 1774 vart flytta dit ho står idag, men det er vanskeleg å finne skriftleg belegg for dette.
Men kyrkjebyggsoga i Etnedal er langt eldre enn 1750.
Det er ikkje tvil om at det har vore ei kyrkje på Bruflat i mellomalderen. 1100 talsklokka, den minste av dei fire klokkene i tårnet, vitnar om det.
Kva slags kyrkjebygg var det ? Det er rimeleg å tru at det har vore ei trekyrkje, og då er det naturleg å tenkje at det kan ha vore ei stavkyrkje.
Etter svartedauden var det sannsynlegvis kyrkjelaust på Bruflat i lange tider, men i 1640 åra vart det bygd ei ny kyrkje. Kyrkjevegen til Aurdal hovedkyrkje var lang og strevsom, og ynskjet om eit eige kyrkjebygg resulterte i ei gåvekyrkje reist av folket sjøl.
Denne kyrkja var ei enkel langkyrkje, men ho vart snart for lita, så det er sannsynleg å tru at krosskyrkja som vart vigsla 24. juli 1750 er eit større påbygg.
Ein trur Svend Olsson Traaset har vore byggmeistar for Bruflat kyrkje. Traaset sto bak fleire kyrkjebygg i Valdres. I 1730 åra leia han arbeidet med både Bagn og Aurdal kyrkje og dessutan utvidinga av Hedalen stavkyrkje.
Innvendig måling vart fyrste gongen truleg gjort av den kjende bygdemålaren Tidemann Øygarden.
Kyrkja har vore restaurert fleire gongar, – seinast i 1974 / 75.
Meistaren for treskjærarkunsten var Syver Engebretson Aaberg. Altartavla ber årstalet 1789.
Han skar også ut altartavlane i Aurdal (1792) Skrautvål (1795) og i Slidre.
Døypefonten i Bruflatkyrkja; ein utskoren ståande engel, er også hans verk.
Ole Hermundson Berge måla korskilet (1790) , dei fint dekorerte fyllingane i galleria mot sør og vest, – og også Carl Johan monogrammet.
Fyrste orgelet vart teke i bruk på same tid. Det står idag på Valdres folkemuseum.

Eitt av klenodia i Bruflat kyrkje er eit oblatjern frå 1800 talet. Med det kan det steikast 41 små, runde nattverdbrød som er pryda med symbol av den krossfeste Kristus.

Klokkarstolen, som også kan daterast attende til same epoke, har hjarteforma utskjeringar i forplata.
Eit antependium med C.J.S monogram og valgspråk frå 1778 er i bruk att på altaret, og ved sida av altaret står ein belgtrøarstol som vart funne att på loftet i kyrkja i samband med eit bokprosjekt.

Over klokkarpulten i kyrkja heng eit krossfestingsbilete frå 1704, i korrommet ved preikestolen er det eit rosemåla skåp frå 1778 og det finnst også ei vindfløy, som ber årstalet 1678.
Gravferdsspaden frå 1804, vart teke ut av bruk på 1990 talet og erstatta av ein kopi. Orginalen finnst inne i kyrkja.

Bruflat kyrkje har fire kyrkjeklokker. Den minste, frå 1100 talet, er tidlegare omtala.
Den nest eldste, frå 1706 og laga av Gerhard Schimmel frå Holland. Dei to andre klokkene, som er i bruk i dag, er frå 1912. Den eine er gjeven av etnedøler i Amerika.

Du er velkomen både til ei interessant historievandring og til stille stunder i Bruflat kyrkje.

Om du ynskjer å lese meir om kyrkjene våre, er både boka om Nord – Etnedal kyrkje og Bruflat kyrkje gjennom tidene til sal på kommunens servicekontor, på kyrkjekontoret eller i Etnedal sparebank.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*